Årbuk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Årbuk
Remove ads

Årbuk (Leuciscus cephalus) er ein beinfiskart i karpefamilien. Andre namn på same fisken er stam, breinakke og raufjæring.

Kjappe fakta

Årbuk har raude gatt- og bukfinnar og kan likne på vederbuk, men er slankare og breiare over nakken og ryggen og har større munn. Han kan vakse seg opptil 80 cm lang og 8 kg tung, men vert ikkje så stor i Noreg. Noregsrekorden på 3,2 kilo blei tatt i Glomma. Årbuken kan bli eit parogtjue år gamal.

Thumb
Årbuk sett frå vassoverflata.

Fisken lever i fersk- og brakkvatn i Mellom-Europa. I Noreg er han å finna nedst i Tista, Glomma og Drammenselva. Årbuk held helst til i rennande vatn, men i nokre fall finn du han og i innsjøar og i brakkvatn. Han trivst særleg godt der ureinsa kloakk renn ut i vatnet.

Når årbuken er liten går han ofte i stimar, medan eldre fiskar held seg i små grupper eller åleine. I mai til juni gyt han ved ca. 15 grader. Egga vert klekte etter 1012 dagar.

Fisken er ei morosam utfordring for sportsfiskarar.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Årbuk


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads