Vederbuk

fiskeart From Wikipedia, the free encyclopedia

Vederbuk
Remove ads

Vederbuk, også kjend som id og hirsling, er ein vandrefisk i karpefamilien som lever i brakkvatn, rennande vatn og i nokre innsjøar. Ein gul variant av fisken blir kallar gullvederbuk og blir brukt som prydfisk i dammar.

Kjappe fakta

Han blei tidlegare nytta som matfisk, men blir i dag hovudsakleg rekna som ein god sportsfisk.

Thumb
Fiska vederbuk.
Foto: C. Gerharz, 2005
Remove ads

Skildring

Vederbuken har ein grågrøn rygg medan undersida er kvit eller gulaktig. Fisken kan bli opptil 1 m og vega 8 kg, men er mindre i Noreg.

Han er ein rovfisk som kan leva på insekt, sniglar, krepsdyr og muslingar. Ettersom dei blir eldre kan dei òg ta småfisk.

Fiskane blir kjønnsmogne 56 år gammal for hannar og eit par år etter for hoer. Dei gyt om våren i elvar, der egga klistrar seg til grus eller plantar. Egga klekker etter 1020 dagar.

Remove ads

Utbreiing

I Noreg finn ein særleg vederbuk søraust i landet.[2] Fisken finst naturleg nord i Europa og austover til Sibir, men finst i dag òg vilt i USA etter at fiskar rømde til Potomacelva frå ein statleg dam under ei oversvømming i 1889. Det er òg mistanke om at han er sett ut ulovleg i fleire vatn på New Zealand.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads