Krigen i Libanon i 2006
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Krigen i Libanon i 2006 var ein krig mellom Israel og den libanesiske sjiamuslimske gruppa Hizbollah. Krigen varte frå 12. juli til 14. august. Krigen byrja etter vedvarande åtak av Hizbollah på israelsk busetjing, og etter eit åtak på israelske soldatar på israelsk territorium 12. juli.[1][2]
I Libanon vart kring 1 200 drepne og 4 400 såra, av desse var 270 Hizbollah-krigarar, 50 soldatar frå det libanesiske forsvaret og personell frå det libanesiske politiet. Fem var frå fredsvernande styrkar i SN-regi. 974 000 libanesarar rømde heimane sine. På israelsk side vart 158 drepne, av desse 43 sivile av rakettåtak utførte av Hizbollah. 450 soldatar vart såra i striden i Libanon. 300 000 israelarar rømde heimane sine i Nord-Israel.[3]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads