Line Verndal
norsk skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Line Cecilie Verndal (fødd 23. mars 1972) er ein norsk skodespelar og programleiar.
Verndal vart uteksaminert frå Statens Teaterhøgskole i 1995 og har jobba ved Oslo Nye Teater, Teateret Vårt i Molde, Rogaland teater, Dizzie Showteater, Riksteatret, Det Norske Teatret og Den Nationale Scene i Bergen. Ho spelte Andrea Seierstad i NRK-serien Brigaden, Cecilie i Ulvesommer og Kine i Nissene på låven før rolla som Marit i NRK sin tv-serie Himmelblå.
I 2011 vann ho Amandaprisen for beste kvinnelege hovudrolle for spelefilmen Limbo. I 2012 spelte ho rolla som Solveig mot Nikolaj Lie Kaas i den canadiske filmen Mad Ship. Ho har vore programleiar for Lines gode hjelpere og tre sesongar av Hele Norge baker for TV3. I 2014 deltok ho i Skal vi danse. I seinare tid har ho medverka som skodespelar i advokatserien Aber Bergen for TV3. Her har ho spelt rolla som advokat Diana Drange. Ho òg har vore instruktør for Kattateateret og Idunteatret i Stavanger og undervist i skodespelarteknikk på Westerdals ACT.
Remove ads
Filmografi
Filmar
TV-seriar
Kortfilmar
Remove ads
Prisar og nominasjonar
- Gullruten 2009 – Nominert i klassen folkets Pris
- Gullruten 2009 – Nominert i klassen beste kvinnelige skuespiller – Himmelblå
- Gullruten 2010 – Nominert i klassen beste kvinnelige skuespiller – Himmelblå
- Kanonprisen 2010 – Nominert i klassen beste kvinnelige hovedrolle – Limbo
- Gullruten 2011 – Nominert i klassen beste kvinnelige skuespiller – Himmelblå
- Amandaprisen 2011 – Vant klassen beste kvinnelige hovedrolle – Limbo
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads