Lippo Memmi

From Wikipedia, the free encyclopedia

Lippo Memmi
Remove ads

Filippo di Memmo (kring 1290–kring 1356), betre kjend som Lippo Memmi, var ein italiensk målar som kan knytast til sienaskulen og internasjonal gotikk. Arbeida hans følgde mange konvensjonar frå bysantinsk kunst.

Kjappe fakta
Remove ads

Liv

Memmi var fødd og døydde i Siena. Han var elev, samarbeidar og svoger av Simone Martini.

Lippo Memmi måla berre religiøs kuns. Han stod bak fleire fresker, eitt av hans største verk var Maestà frå 1317 i Palazzo Comunale i San Gimignano, inspirert av Martini sitt verk i Palazzo Pubblico i Siena. Eit anna verk tillagd han er Madonna dei Raccomandati (ca. 1320) i Orvieto domkyrkje, som viser jomfru Maria som verna innbyggjarane i byen under kappen sin.

Memmi samarbeidde med Simone Martini på Kunngjeringa og to helgenar frå 1333, og gjorde truleg mest arbeid med helgenane. Han reiste med Martini til paven i Avignon, og arbeidde der til rundt 1350. Deretter vende han tilbake til Siena.

Remove ads

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads