Lyskamm

From Wikipedia, the free encyclopedia

Lyskamm
Remove ads

Lyskamm eller Liskamm er eit fjell i Wallis-Alpane på grensa mellom Italia og Sveits med ei høgd på 4 527 meter over havet. Fjellet består av ein fem kilometer lang rygg med to toppar. Den sørlege sida i Italia er ru og reiser seg nokre hundre meter over isbreen nedanfor (Ghiacciaio del Lis), medan nordsida i Sveits er ein imponerande 1100 meter høg isvegg som stig opp frå Gornergletscher.

Kjappe fakta Land, Fjellkjede ...

Den vanlegaste ruta til toppen er frå Felikjoch i vest til Listjoch i aust, eller omvendt. Den austlegaste og høgaste toppen vart først klatra i 1861 av eit lag på 14 mann (åtte engelsmenn og seks sveitsarar) leia av J. F. Hardy opp austryggen.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Kjelde


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads