Liten husedderkopp

edderkoppart From Wikipedia, the free encyclopedia

Liten husedderkopp
Remove ads

Liten husedderkopp (Tegenaria domestica) er ein edderkopp som tilhøyrer familien traktedderkoppar.

Kjappe fakta
Remove ads

Utsjånad

Kroppen til hoa er 9–10 mm lang, medan kroppen til hannen er 6–9 mm og noko smalare enn den til hoa. Kroppen er tett dekt av korte hår. Han er lyst gulbrunleg med nokre mørkare flekker. Beina er lange og slanke.

Arten er nært i slekt med den noko større og ofte vanlegare store husedderkoppen, men kan skiljast frå denne ved å ha mørkare ringar på beina.

Thumb
Ho av husedderkopp Tegenaria domestica har sikksakkmønster på bakkroppen og svake mørkare ringjer på beina. Dette er ei ho.
Foto: Magne Flåten
Thumb
Ho av husedderkopp Tegenaria domestica med lange spinnvorter.
Foto: Magne Flåten
Remove ads

Levesett

Liten husedderkopp lever i hus og finst over heile verda. Han spinn tette nett som endar i ei trakt. Edderkoppen føretrekkjer litt mørke stader, som krokar, bak gjenstandar og oppunder tak. Hoa kan klara seg utan mat og drikke i fleire månader. Husedderkoppen er heilt ufarleg for menneske, og stikk seg raskt bort om han blir forstyrra.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads