Livorno

kommune i Italia From Wikipedia, the free encyclopedia

Livorno
Remove ads

Livorno er ein hamneby i Italia ved Liguriahavet. Han er hovudstad i provinsen Livorno i regionen Toscana og har om lag 155 000 innbyggjarar. Livorno er den tredje største hamnebyen på vestkysten av Italia.

Kjappe fakta Land, Region ...
Remove ads

Historie

Livorno vart definert som ein «idealby» under den italienske renessansen. Byen har framleis mange kanalar omgjeve av kraftige bymurar og ei hamn med tårn og festningar som fører til sentrum av byen. Store delar av byen var teikna av arkitekten Bernardo Buontalenti på slutten av 1500-talet og Livorno gjennomgjekk ein periode med stor byplanlegging på slutten av 1600-talet.

Thumb
Kanal i Livorno

Seint i 1580-åra erklærte Ferdinando I de Medici Livorno ein «porto Franco» som innebar at varer som vart handla her var skattefrie. Lovene Leggi Livornine, som byen vart styrt etter mellom 1590 og 1603, gav handelsmennene mange privlegium, religionsfridom og amnesti for enkelte straffar. På grunn av desse lovene vart Livorno ein verdsby og ein av dei viktgaste i heile Middelhavet. Mange utlendingar flytta til Livorno, som jødar, armenarar, grekarar, nederlendarar og engelskmenn.

Under napoleonskrigane var det forbode å handle med England og Livorno fekk store økonomiske tap på grunn av dette. I 1868, etter at Livorno vart ein del av Kongedømet Italia, mista han no statusen som Porto Franco og byen vart mindre viktig.

Remove ads

Viktige personar frå Livorno

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads