Ljusterö
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ljusterö er ei øy i Sverige. Ho ligg nord i Stockholms skjergard i Österåker kommun i Stockholms län. Øya ligg om lag 65 km nord for sentrum av Stockholm.
Med eit areal på 62 km², er den 17. største øya i Sverige.[1]
Det går ferjesamband til fastlandet frå Östanå og båt til sentrum av Stockholm.
Ho har kring 1500 fastbuande, medan 25 000-30 000 vitjar øya og dei mange sommarhusa her om sommaren.
Remove ads
Historie
Ljusterö var ein eigen kommune fram til 1967, då han vart ein del av Österåker kommun. I 1974 vart heile Österåker kommun ein del av Vaxholm kommun, men sidan 1983, har Ljusterö vore ein del av den nye Österåker kommun.
Ljusterö vindmøllepark
Det er planlagt ein vindmøllepark på Ljusterö med 23 vindturbinar, som kvar kan produsere to megawatt. Prosjektet er kraftig kritistert av dei mange sommarturistane.
Galleri
- Gammal eik ved Bössarviken, nord på Ljusterö.
- Knoppsvane med ungsvaner, sør på Ljusterö.
- Klintsundet, «døra til den ytre skjergarden» og brua som går mellom vestlege og austlege Lagnö.
- Marum gard
- Utsyn frå Ljusterö huvud, Furusundsleden mot nord.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads