Lodève
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lodève er ein liten mellomalderby og kommune sørvest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Hérault i regionen Occitanie, og har om lag 7 000 innbyggjarar.
Remove ads
Geografi
Lodève ligg der slettene stig opp mot Larzac-platået, 54 km frå Montpellier, i dalen til elva Lergue. Han er omgjeve av grøne åsar og vingardar, og ligg berre 8 km frå den store kunstige innsjøen Salagousjøen.
Historie
Lodève vart grunnlagd som hovudstad for ei stamme kalla Lutevani, før han vart ein romersk by under namnet Luteva. Byen var stoppestad for dei mange pilegrimane som skulle til Santiago de Compostela via Arles-vegen. Byen var eit bispesete fram til den franske revolusjonen, og var òg eit senter for tekstilproduksjon under Louis XV, og heimstad til ein av berre to kongelege veggteppeveveri. Den andre var gobelinfabrikken i Paris.
Remove ads
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads