Lodejnoje Pole
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lodejnoje Pole (russisk Лодейное Поле) er ein by i Leningrad oblast i Russland med om lag 20 000 innbyggjarar. Etter kommunereforma i Leningrad oblast i 2006 er byen eigen kommune, men samstundes òg det administrative sentrum i regionen med same namn. Regionen har i tillegg til Lodejnoe Pole fem mindre kommunar med til saman om lag 12 000 innbyggjarar.

Byen ligg ved elva Svir, 239 km nord-aust for St. Petersburg. Byen vart grunnlagd i 1702 på ordre frå tsar Peter den store og fekk bystatus i 1785.
Lodejnoe Pole er venskapskommune med Gildeskål i Nordland. Samarbeidet vart formelt oppretta i 1993.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads