Louis Daguerre

From Wikipedia, the free encyclopedia

Louis Daguerre
Remove ads

Louis Jacques Mandé Daguerre (18. november 178710. juli 1851) var ein fransk oppfinnar, kjemikar, fotograf og kunstnar. Han fann opp daguerrotypien, som var ein forløpar til moderne fotografi.

Kjappe fakta Fødd, Død ...

Daguerre arbeidde som teatermålar i Paris frå 1807 til 1818. Her utvikla han i 1822 ein kulisse som vart kalla diorama, som gjorde det mogleg raskt å skifte bakgrunnsbilete på scena. I produksjonen av desse bileta brukte Daguerre camera obscura.

Gjennom arbeidet med camera obscura kom Daguerre i kontakt med Nicéphore Niepce, og dei innleidde eit samarbeid der dei ekperimenterte med forskjellige metallfilmar. Omkring 1831 framstilte han plater med eit tynt sjikt lyskjenleg sølvjodid, og i 1837 oppdaga han at ein kunne fiksere sølvjodidet med salt. Oppfinninga gjorde det mogleg å ta varige bilete, og denne oppfinninga fekk namnet daguerrotypi.

Daguerre har også gitt namn til eit krater på månen og asteroide 3256 Daguerre.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Louis Daguerre
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads