Louise Ritter
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dorothy Louise Ritter (fødd 18. februar 1958) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Dallas i delstaten Texas som i 1988 vart olympisk meister i høgdehopp.
Ritter sikra seg bronsemedaljen i høgdehopp då den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett fann stad i Helsinki i august. Både ho og landskvinna Coleen Sommer klarte 1,95 m, men Ritter tok høgda i eit tidlegare forsøk og viste Summer til fjerdeplassen. Tamara Bykova frå Sovjetunionen og vesttyske Ulrike Meyfarth stod i eiga klasse i tevlinga med høvesvis 2,01 m og 1,99 m. Både under Sommar-OL 1984 i Los Angeles og Friidretts-VM 1987 i Roma enda Ritter opp på åttandeplass.
I juli 1988 sette Ritter ny USA-rekord i høgdehopp med 2,03 m ved eit stemne i byen Austin. Under OL-finalen 1988 i Seoul den 30. september tok Ritter og verdsrekordhaldar Stefka Kostadinova seg over alle høgdene til og med 2,01 m, utan å rive. Begge reiv så tre gongar på 2,03 m. For å kåre ein olympisk meister fekk dei to eit ekstra forsøk på same høgda. Her reiv Kostadinova, medan Ritter svinga seg over høgda 2,03 m i sitt fjerde forsøk. Ho la opp etter 1989-sesongen.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Louie Ritter» frå Wikipedia på engelsk, den 1. august 2018.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads