Lucmagnpasset

From Wikipedia, the free encyclopedia

Lucmagnpasset
Remove ads

Lucmagnpasset eller Lukmanierpasset er ein fjellovergang i Sveits som knyter saman kantonane Graubünden og Ticino. Fjellvegen går frå dalen Surselva i Graubünden til Valle di Blenio i Ticino. Lucmagnpasset er den einaste fjellovergangen i Sveits som kryssar hovudkammen i Alpane i ei høgde lågare enn 2 000 meter over havet.

Thumb
Hospits ved Lucmagnpasset med dammen Lai da Sontga Maria

Frå nord tek fjellvegen til i Disentis/Mustér. Vegen går opp gjennom dalen Medel (Lucmagn) og når sitt høgste punkt på 1 972 moh. Sjølve passhøgda ligg litt lenger sør på 1 914 moh. Vegen gå så gjennom Valle di Blenio fram til Biasca.

Remove ads

Soge

Fjellovergangen vart ei viktig ferdselsåre på 800-talet, då klosteret i Disentis vart grunnlagt. Lucmagnpasset var i lang tid eit av dei viktiagste nordsør-samnbanda gjennom Alpane. Med tida spela det ei mindre rolle, til fordel for Settimo-, Splügen- og Sankt Gotthard-passet.

Køyrevegen over fjellet vart ferdig i 1877, men reiseruta over Lucmagnpasset kom ikkje tilbake til rolla ho hadde i mellomalderen. Mesteparten av nordsør-trafikken mellom Graubünden og Ticino går sidan 1980 gjennom St. Gotthard-tunnelen.

Remove ads

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads