Ludvig Mathias Lindeman

norsk komponist og organist From Wikipedia, the free encyclopedia

Ludvig Mathias Lindeman
Remove ads

Ludvig Mathias Lindeman (28. november 181223. mai 1887) var ein norsk komponist, organist og folkemusikksamlar fødd i Trondheim. Han var den første i Noreg som begynte å samle inn folkemusikk systematisk.

Kjappe fakta
Thumb
Grava til Lindeman på Vår Frelsers gravlund i Oslo

Far hans, Ole Andreas Lindeman, var organist og konsertpianist. Ludv. M. Lindeman hadde studert både teologi og musikk og var organist i Vor Frelsers Kirke i Christiania (no Oslo domkyrkje) i Oslo i 47 år. Han samla mesta 2 000 norske folkemelodiar. Saman med sonen Peter grunnla han Musikkonservatoriet i Kristiania som seinare vart Norges musikkhøgskole.

I åra 185367 gav han ut Ældre og nyere norske Fjeldmelodier. Samlede og bearbeidede for Pianoforte i tre band. Desse hefta inneheld folkemusikk for song, hardingfele, bukkehorn, langeleik og fleire. Desse melodiane var alle arrangerte for piano, slik at stykka miste mange av dei stiltypiske detaljane i norsk folkemusikk, noko som førte til kritikk frå fleire kantar mellom anna frå Edvard Grieg, sjølv om Grieg brukte materialet i hefta for sine eigne komposisjonar. I originaloppteikningane har Lindeman likevel registrert både uvanlege intervall og rytmiske detaljar. I 1907 vart eit siste hefte i samlinga utgjeve av sonen Peter.

Remove ads

Død og ettermæle

Ludvig Mathias Lindeman døydde 75 år gammal i Christiania den 23. mai 1887. Han vart gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Christiania. I 1912 vart det reist ein byste av Lindeman ved kyrkja.

39 komposisjonar av L.M. Lindeman står i Norsk Salmebok. Nokre av desse er dei best kjende salmene i norsk tradisjon, til dømes «Krist stod opp av døde», «Påskemorgen slukker sorgen», «Apostlene satt i Jerusalem», «Et barn er født i Betlehem» og «No livnar det i lundar».

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads