Ludvig XII av Frankrike

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ludvig XII av Frankrike
Remove ads

Ludvig XII (27. juni 14621. januar 1515), kalla «folkets far» (fransk le Père du Peuple), var konge av Frankrike frå 1498 og konge av Napoli 15011504.

Kjappe fakta Regjeringstid, Fransk ...

Louis var fødd i Slottet i Blois som son av Charles av Orleans (som var soneson til Karl V av Frankrike) og Marie de Clèves. Før han blei konge deltok Louis i «den galne krigen», la guerre folle, mot autoriteten til den dåverande kongen, den mindreårige Charles VIII, som var søskenbarnet hans.

Han gifta seg i 1476 med Jeanne (1464 -1505), dotter av Ludvig XI. Etter at han blei konge i 1498 tvinga han paven til å oppløysa ekteskapet. I 1499 gifta han seg med Anne av Bretagne (1477-1514), enkja etter forgjengaren. Etter at ho døydde kom hertugdømet Bretagne inn under Frankrike.

Thumb
Ludvig XII på ein mynt frå 1514.

Som konge dreiv Louis ein aktiv utanrikspolitikk, og prøvde å styrka Frankrike si stilling i Nord-Italia. Han klarte å erobra store område der, men måtte trekka seg ut i 1513. Trass dette mislukka prosjektet hadde han framleis folket si støtte.

9. oktober 1514, kort tid etter at Anne av Bretagne døydde, gifta den aldrande Louis seg med den unge engelske prinsessa Maria Tudor, syster til kong Henrik VIII av England. Målet var å skaffa ein arving til trona, men Louis døydde knappe tre månader etter giftarmålet. Han hadde to gjenlevande born, begge døtrer, og etterfølgjaren hans blei svigersonen og fetteren Francis Valois-Angoulême, som var gift med eldstedottera Claude.

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads