Luis Suárez
uruguayansk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Luis Alberto Suárez Díaz (fødd 24. januar 1987 i Salto) er ein uruguayansk fotballspelar som i 2018 spela som angrepsspelar for Barcelona i spansk La Liga, og på Uruguay sitt landslag. Han vart seriemeister i Uruguay med Nacional i 2006 og i Nederland med Ajax i 2011. I 2011 var han òg med på å vinna Copa América med Uruguay og vart kåra til beste spelar i turneringa.
Suárez vart kåra til årets spelar i Nederland i 2009/10-sesongen og vart òg toppskårar i den nederlandske toppdivisjonen same sesongen. I 2013/14-sesongen vart han kåra til årets spelar i Premier League og vart òg toppskårar. Han vart kåra til årets Ajax-spelar i 2008/09- og 2009/10-sesongen og i Liverpool i 2012/13- og 2013/14-sesongen. Han var Liverpool sin toppskårar i serien i alle dei tre sesongane han spelte der, frå 2011/12-sesongen av. I Barcelona vart han spansk seriemeister i 2015 og 2016, vann Meisterligaen i 2015 og VM for klubblag i 2015. Han er den som har skåra flest mål for Uruguay sitt landslag.
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- (en) Luis Suárez – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads