Lovozero
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lovozero (kildinsamisk Луяввьр, skoltesamisk Luujäuʹrr, russisk Ловозеро, nordsamisk Lujávri, finsk Luujärvi) er ein innsjø på Kolahalvøya i Murmansk oblast i Russland. Vatnet i innsjøen renn ut i Barentshavet via Voronja. Han har eit areal på 200 km², er 5,7 meter djup i snitt og opp mot 35 meter på det djupaste. Den hydrauliske opphaldstida er 10 månader. Innsjøen har ein svingande kyst og mange halvøyar og øyar. Området rundt innsjøen, som Lovozerskije-tundraen vert ofte kalla Ловозёрье (Lovoziorje) på russisk.
I 1970 vart det bygd to vasskraftverk langs Voronja i Serebrjansk, om lag 100 km nedanfor innsjøen. Demninga ved kraftverket danna eit reservoar med vassflate på same nivå som Lovozero, noko som auka storleiken av Lovozero kraftig.
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Lake Lovozero» frå Wikipedia på engelsk, den 29. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Lovozero i Murmansk oblast Arkivert 2012-07-28 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads