Lukas Podolski

From Wikipedia, the free encyclopedia

Lukas Podolski
Remove ads

Lukas Podolski, fødd som Łukasz Podolski, (fødd 4. juni 1985 i Gliwice i Śląsk) er ein polsk-tysk fotballspelar som i 2014 spela for Arsenal i engelsk Premier League, og for det tyske landslaget.

Kjappe fakta Personleg informasjon, Fødd ...
Remove ads

Podolski vart fødd i Polen. Mora var polsk landslagsspelar i handball og faren var profesjonell fotballspelar. Podolski og familien hans emigrerte til Vest-Tyskland i 1987, der dei fekk opphald fordi faren var etnisk tysk. Han har framleis polsk statsborgarskap, men tysk pass.

Podolski spelte for Bayern München frå 2006 til 2009 og var med på å vinna Bundesliga med dei i 2008. I 2009 vende han attende til den første proffklubben sin, Köln, før han drog til England i 2012. I 2014 var han med på å vinna FA-cupen med Arsenal

Klose debuterte for det tyske A-landslaget 6. juni 2004 mot Ungarn. Han var Tyskland sin yngste spelar under fotball-EM i 2004, der han kom inn som innbytar i éin kamp. I fotball-VM i 2006 vart han kåra til beste unge spelar i meisterskapen.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads