Lunga i Treshnish Isles
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lunga er den største øya i Treshnish Isles i Indre Hebridane i Skottland.
Ho har vulkansk opphav og er skildra som «ein grøn juvel i ein påfuglgrøn sjø».[1] Ho var folkesett fram til 1800-talet og ein kan framleis sjå restar etter svarte hus. Nordaust på øya ligg ruinane av ein landsby, som vart fråreist i 1857.[2]
Remove ads
Dyreliv

Lunga har status som Site of Special Scientific Interest (stad av særskild vitskapleg interesse) på grunn av det rike plantelivet. Her finst mange sjeldne og utryddingstrua planter, som kusymrer, tiriltunge, orkidéar, strandsmelle, strandnellikar, sverdliljer, tepperot og hagegeiteskjegg.[1] Det finst gråsel i farvatnet rundt øya, og av fuglar finn ein havsvale, krykkje og havlire. Teist, lundefugl og alke hekkar på Lunga og på Harp Rock, ein staur som står like ved øya.Kvitkinngås dukkar opp på øya kvar vinter.[1]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
