Lyderhorn
fjell i Bergen kommune From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lyderhorn (396 moh.) er eit av Dei sju fjella kring Bergen. Det ligg ved Liavatnet ca. 5 km vest for sentrum og er godt synleg frå skipsleia både nordover og sørover, og har vore eit kjent seglingsmerke. Gammalnorsk form av namnet var Logðarhorn / Lofðarhorn / Lœfðarhorn.
Lyderhorn skal etter folketrua ha vore samlingsstad for heksar på Valborgsnatta, Sankthansnatta og i julehelga.
Bergen Turlag sin årlege sjufjellstur startar over Lyderhorn og går vidare over Damsgårdsfjellet, Løvstakken, Ulriken, Fløyfjellet, Rundemanen og Sandviksfjellet.
Lyderhorntunnelane er ein parsell av Sotravegen frå Liavatnet i aust til krysset ved Kjøkkelvikvegen mot vest.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads