Løft

From Wikipedia, the free encyclopedia

Løft
Remove ads

Løft er ei kraft som påverkar ein lekam når eit fluid strøymer forbi overflata av lekamen. Løftet er den komponenten av den totale overflatekrafta som er vinkelrett på den motgåande retninga på straumdraget.[r 1] Det står i kontrast til drag, motstandskrafta, som er den komponenten av overflatekrafta som verkar parallelt med retninga på straumdraget. Om fluidet er luft, vert krafta kalla ei aerodynamisk kraft. I vatn er ho nemnt ei hydrodynamisk kraft.

Thumb
Løft er definert som komponenten av den totale aerodynamiske krafta vinkelrett på retninga på straumdraget, og drag er komponenten parallell med retninga på straumdraget
Remove ads

Oversyn

Løft er oftast assosiert med den faste vengen på eit fly, sjølv om løftekrafta òg blir generert av propellar, helikopterrotorar, ror, segl og kjøl på seglbåtar, hydrofoilar, venger på racerbilar, vindturbinar, og andre straumlinjeforma objekt. Løft blir òg utnytta i dyreverda, og jamvel i planteverda av frø av somme tre.[r 2] Medan den vanlege tydinga av ordet 'løft' føreset at løftekrafta er motset gravitasjonskrafta, kan omgrepet løft generelt vere i kva som helst retning i høve til tyngdekrafta, sidan løftekrafta er definert med omsyn til retninga på straumdraget i staden for til retninga på tyngdekrafta. Når eit fly flyg horisontalt er mesteparten av løftet motset tyngdekrafta. Men når eit fly klatrar, taper høgd, eller legg seg over i ein sving, har retninga på løftekrafta ein vinkel i høve til vertikallinja.[r 3] Løft kan òg i stor grad verke horisontalt, til dømes på seglet på ein seglbåt.

Aerodynamisk løft skil seg frå andre typar løft i fluid. Aerodynamisk løft krev relativ rørsle av fluidet som skil den frå aerostatisk løft og oppdrift som vert utnytta av ballongar og luftskip. Aerodynamisk løft viser vanlegvis til situasjonar der lekamen er fullt omgjeve av fluidet, og skil såleis seg frå planande løft som vert brukt av motorbåtar, surfebrett, og vasski, der berre nedre partiet av lekamen er omslutta av fluidstraumen.

Forenkla fysiske forklaringar på løftet på ein vengprofil

Ein flyveng er ein straumlinjeforma lekam som er i stand til å generere betydeleg meir løft enn drag.[r 4] Ei flat plate kan generere løft, men ikkje så mykje som ein straumlinjeforma vengprofil, med noko høgare drag.

Det er fleire måtar å forklare korleis ein flyveng genererer løft. Nokre er meir komplisert eller meir matematisk strenge enn andre; nokon har vist seg å vere feil.[1][2][3][4][5] Dømer på forklaringar er dei baserte direkte på Newtons rørslelover og forklaringar baserte på Bernoulli-prinsippet. Begge kan brukast til å forklare løft.[6][7]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads