Lyngen kommune
kommune i Troms fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
- For fjorden med same namn, sjå Lyngenfjorden.
Lyngen kommune (nordsamisk Ivggu suohkan, kvensk Yykeän komuuni) er ein kommune som ligg mellom fjordane Lyngen og Ullsfjorden i Troms fylke. Kommunen grensar i vest mot kommunane Karlsøy og Tromsø og i aust mot Skjervøy, Nordreisa, Kåfjord og Storfjord.
Remove ads
Historie
Dei eldste spora etter busetjing i Lyngen er frå yngre steinalder (3000 f.Kr. til år 0).
Geografi
Lyngen kommune utgjer det meste av halvøya mellom Lyngenfjorden og Ullsfjorden i Troms. Kommunesenteret er Lyngseidet, der avstanden mellom fjordane er berre tre kilometer.
Landskapet er dominert av fjell, særleg fjellmassivet Lyngsalpan som også har den høgaste toppen i fylket, Jiehkkevárri (1833 moh).
Namnet Lyngen viser til Lyngenfjorden og kjem av det norrøne ordet «logn» som tyder «stille» eller «roleg». Fjorden er største i fylket og skjer seg 85 km inn i landet.
Den 20. februar 2004 vart Lyngsalpan landskapsverneområde oppretta i statsråd. Dette sikrar eit av dei mest markante fjellområda i Nord-Noreg for framtida. Verneområdet er prega av tindar, brear, ville og tronge dalar og landskap som styrtar frå høgfjell og rett ned i havet.
Remove ads
Tettstader
Sjå og
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads