Nettlesaren Lynx
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lynx er den mest populære tekstbaserte nettlesaren for verdsveven. Han stør ikkje rammer, tabellar eller stilark. Denne nettlesaren er basert på curses, eit UNIX-bibliotek med funksjonar for å kontrollere utskrift til ein terminalskjerm frå eit C-program.
Utviklinga av Lynx byrja ved universitet i Kansas, og det er det hovudsakleg Michael Grobe, Charles Rezac og Lou Montulli som har fått æra for arbeidet.
Remove ads
Lynx for brukarar med særskilde behov
I og med at det er mogleg å bruke lynx utan mus i det heile, er lynx svært populær blant brukarar som har særlege krav til nettlesaren sin. Blinde bruker t.d. lynx, og les teksten med braille-skrift. Dessverre er det mange nettsider som ikkje blir laga med lynx i tankane. Sjølv om hyperlenkjer kan identifiserast med hjelp av symbol eller bilete lagra som gif-filer, kunne webutviklarane godt ha laga ein tekst-identifikator «under» den grafiske identifikatoren. Wikipedia sine sider er gode døme på ein nettstad som kan lesast både med lynx og med grafiske nettlesarar.
Lynx kan også brukast i kontekstar der ein loggar seg på maskiner via ssh, utan å få eit grafisk grensesnitt.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads