Lyr

fiskeart From Wikipedia, the free encyclopedia

Lyr
Remove ads

Lyr (Pollachius pollachius) er ein fiskeart i torskefamilien.

Thumb
Teikning av lyr.
Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Thumb
Lyr i akvarium.

Lyren kan verte inntil 130 cm lang og 10 kg. Han manglar skjeggtråd og er underbitt. Sidelinja er mørk og tydeleg. Ho bogar markant nedover under første ryggfinnen, og dette kan nyttast til å skilje lyren frå seien, som har ei rett og lys sidelinje.

Utbreiing og habitat

Lyren finst nordaust i Atlanterhavet, frå nord i Marokko til Island og til Finnmark i Noreg. Han er mest talrik rundt Dei britiske øyane. Lyren er òg registrert sør i Austersjøen. I Noreg finst han langs heile kysten, men er mest vanleg langs vestlege og sørlege delar.

Lyren finst frå overflata og ned mot 200 meters djupne og er bentopelagisk. Han likar seg best over hard botn — gjerne i nærleiken av land.

Remove ads

Levesett

Lyren lever hovudsakleg av andre fiskar. Han kan òg ta krabbar og reker. Lyren samlast i stimar i gytetida. Gytinga skjer om våren eller tidleg på sommaren.

Thumb
Fiska lyr.

Litteratur

Bakgrunnsstoff

Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Pollachius pollachius
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads