Mâcon

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Mâcon er ein by og kommune aust i Frankrike. Han er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Saône-et-Loire i regionen Bourgogne-Franche-Comté og har om lag 35 000 innbyggjarar.

Kjappe fakta Land Region Departement, Flatevidd ...

Mâcon ligg ved elva Saône nord for Lyon.

Remove ads

History

Byen vart grunnlagd som Matisco på 100-talet fvt. og vart rask eit travelt vegkryss. Byen låg på grensa mellom Frankrike og Det tysk-romerske rike frå 843 til 1600, og blømde som følgje av tolloppgåvene han fekk. Mâcon vart ein skanse for hugenottar1500-talet. I 1790 vart Mâcon hovudstad i departementet Saône-et-Loire. Motstandsrørsla var delvis aktive her under den andre verdskrigen og var den første byen i den franske sona mellom Paris og Lyon.

Remove ads

Økonomi

Området produserer vin, som Pouilly-Fuissé. Byen har òg støyperi og fabrikkar som produserer motorsyklar, elektrisk utstyr og klede. Byen trekk òg til seg turistar, særleg til gamlebyen frå 1400-talet.

Tour de France har ofte løype gjennom Mâcon på veg ned frå Alpane.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Mâcon


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads