Målarstokk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Målarstokk er ein liten stokk eller pinne som kunstmålarar bruker til å støtta handa på når dei målar med ein pensel.

Stokken er rett, tynn, vanlegvis 70-80 cm lang og utstyrt med ei lita kule eller mjuk pute i den eine enden. Ved å kvila handa på stokken kan ein arbeida meir kontrollert med detaljar og føra penselen utan å klina til måleriet.
På sjølvportrett og andre måleri frå perioden frå 1500- til 1800-talet er målarstokk typisk målarutstyr saman med palett, penslar og staffeli.
Målarstokk blir kalla maulstick eller mahlstick på engelsk etter det nederlandske maalstok.
Remove ads
Galleri
- Miniatyrmaleri frå 1533 av evangelisten Lukas som målar jomfru Maria med målarstokk og staffeli.
- Sjølvportrett av Catharina van Hemessen frå 1548
- Sjølvportrett av Sofonisba Anguissola frå 1556
- Sjølvportrett av Thomas Willeboirts Bosschaert (1613–1654) frå 1637
- Sjølvportrett av Adriaen van Ostade frå 1663
- Portrett av George Morland måla av John Raphael Smith i 1792
- Sjølvportrett av Rolinda Sharples med mor ca. 1820
- Litografi av sjølvportrett av Alexandre-Gabriel Decamps frå 1852
- Eva Gonzalès måla av Édouard Manet frå 1870
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Malerstokk» frå Wikipedia på bokmål, den 29. mars 2020.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads