Månane til Saturn

From Wikipedia, the free encyclopedia

Månane til Saturn
Remove ads

Månane til Saturn er dei naturlege satellittane til Saturn. Så langt er det 60 kjende.

Thumb
Montasje av saturnsystemet.
Thumb
Fotomontasje av dei største saturnmånane; månestorleikane er omtrent i skala.

Introduksjon

Thumb
Saturnringane skjerer over biletet som er dominert av Titan sin opplyste halvmåne. Enceladus kan sjåast til høgre for Titan; ein kan så vidt ane dei iskalde geysirane på sørpolen. Nord er opp.

Det er så langt oppdaga seksti månar i bane rundt Saturn. Mange av dei har blitt oppdaga først i dei siste åra og kan vera så små som to til tre kilometer på tvers. Sju er massive nok til å ha nådd hydrostatisk likevekt og ville blitt klassifiserte som dvergplanetar om dei gjekk i bane rundt Sola. Ein av desse, Titan, er massiv nok til å halda på ein atmosfære tjukkare enn jordaatmosfæren. Det har også blitt observert tre objekt som kan vera månar, samt mikromånar. Mikromånane er berre nokre få hundre meter på tvers og er å finna i eit belte i A-ringen, som er estimert til å innehalda tusenvis av slike objekt.[1] Eit presist tal på månar kan ikkje bli oppgitt så lenge det ikkje finst nokon nedre grense på kva som definerast som ein måne. Ringsystemet til Saturn inneheld eit utal småobjekt.

Tidslinje for måneoppdagingane

Før teleskopfotografering blei teken i bruk, blei åtte saturnmånar oppdaga ved direkte observasjonar gjennom optiske teleskop:

Langtidseksponeringar med fotoplater gjer det mogleg å oppdage fleire månar:

  • 1899Phoebe vart som første satellitt oppdaga ved hjelp av teleskopfotografi av W.H. Pickering.
  • 1905Themis vart oppdaga. Seinare vart det bevist at satellitten ikkje eksisterte.
  • 1966Janus og Epimetheus vart observerte men ikkje bekrefta som saturnmånar. Ein var heller ikkje klar over at det dreidde seg om to objekt.

Studia av dei ytre planetane vart seinare revolusjonert, først ved ubemanna romsondar og så ved forbetringar av teleskopteknologi:

  • 19801990 - Studie av Voyager-bilete avslørte ytterlegare åtte månar i det indre av saturnsystemet. Den siste oppdaga var Pan.
  • 2000 – ein studie seint på året fann tretten nye månar i bane ved store avstandar frå Saturn, noko som hinter til at dei er fragment av større lekamar fanga inn av Saturns tyngdekraft.[2]
  • 2004 - Cassini-ferda oppdaga tre små månar i det indre av saturnsystemet samt tre suspekte og ubekrefta månar i F-ringen. Dette førte talet på saturnmånar opp til 37 – både bekrefta og ubekrefta.
  • 16. november 2004 – Cassini-forskarar annonserer at strukturen til saturnringane hinta om eksistensen av mange fleire månar. Berre ein er blitt visuelt bekrefta så langt – Daphnis.[3]
  • 3. mai 2005 – astronomar annonserte at dei ved bruk av Mauna Kea-observatoriet hadde oppdaga tolv nye småmånar i det ytre av saturnsystemet.[4][5]
  • 30. juni 2006 - astronomar annonserte at dei ved bruk av Subaru-teleskopet på 8,2 m hadde funne ni nye småmånar i det ytre av saturnsystemet.[6]
  • 13. april 2007Tarqeq vart annonsert.
  • 1. mai 2007S/2007 S 2, S/2007 S 3 vart annonserte.
  • 18. juli 2007Anthe vart annonsert.
Remove ads

Tabell over dei kjende månane

Alle saturnmånane er her lista opp etter baneperiode, frå kortast til lengst. Månar massive nok til at overflatane har kollapsa og fått sfærisk form står på lyseblå bakgrunn. Titan, som er stor som ein planet, har mørkare bakgrunn. Dei irregulære (innfanga) satellittane står på grått; lysare grått for prograde satellittar og mørkare grått for retrograde satellittar. På kvitt står dei uregelmessig forma satellittane som har blitt til i bane rundt Saturn.

Meir informasjon Rangering, Namn (runde månar i utheva skrift) ...

Dei følgjande objekta har ikkje blitt bekrefta som månar:

Meir informasjon Rangering, Namn ...
Remove ads

Inndelinga av saturnmånane

Grensene er noko utydelege, men saturnmånane vert delte inn i åtte grupper.

Gjetarmånane

Gjetarmånar er månar som går i bane innanfor, eller rett utanfor ein planet sitt ringsystem. Gjetarmånar har den effekten at dei formar ringane ved a gje dei skarpe kantar og ved å laga gap i mellom dei. Saturns gjetarmånar er dei små månane Pan, Daphnis, Atlas, Prometheus, Pandora samt dei ubekrefta månane S/2004 S 4, S/2004 S 6 og S/2004 S 3.

Samkrinsande månar

Janus og Epimetheus deler bane. Desse to månane har omtrent den same størrelsen, og diameteren på banane deira har ein forskjell på berre nokre få kilometer, nærme nok til at dei ville kollidert dersom dei hadde forsøkt å passera kvarandre. I staden for å kollidera fører den gravitasjonelle påverknaden dei har på kvarandre til at dei skiftar bane kvart fjerde år.

Indre store månar

Dei inste av dei store saturnmånane går i bane innanfor den tynne E-ringen. Dei er Mimas, Enceladus, Tethys og Dione.

Alkyionidane

For meir om dette emnet, sjå Alkyonidane.

Tre nyleg oppdaga månar går i bane innanfor denne gruppa, Methone, Pallene og Anthe, samt dei samkrinsande månane som er i ei gruppe for seg sjølv.

Trojanmånane

Trojanmånar er ein annan type av samkrinsande månar. Likt med dei andre samkrinsande månane kjenner ein berre til slike i saturnsystemet. Ein trojanmånane ved Saturn går i bane ved nøyaktig den same avstanden frå Saturn som ein større måne, men ved ein slik avstand at dei aldri kolliderer. Tethys har to små trojanar, Telesto og Calypso. Òg Dione har to: Helene og Polydeuces. Alle fire av desse månane går i bane i den større månens L4 eller L5 lagrangepunkt, ein i kvart punkt.

Ytre store månar

Dei ytre store saturnmånane går alle i bane utfor E-ringen og kan såleis bli kategoriserte som ei eiga gruppe. Dei er Rhea, Titan, Hyperion (relativt liten og uregelmessig forma) og Iapetus.

Irregulære månar

Irregulære månar er små satellittar som har banar med store diametrar, stor banehelling og nokre gongar retrograde banar. Dei er antekne å ha blitt innfanga av Saturns gravitasjon.

Inuittgruppa

For meir om dette emnet, sjå Inuittgruppa av saturnmånar.

Inuittgruppa består av fem prograde månar i det ytre av saturnsystemet som har like nok avstandar frå Saturn og inklinasjon til at dei kan bli rekna som ei gruppe. Dei er Ijiraq, Kiviuq, Paaliaq, Siarnaq og Tarqeq.

Den norrøne gruppa

For meir om dette emnet, sjå Den norrøne gruppa av saturnmånar.

Den norrøne gruppa består av 29 retrograde månar i det ytre av saturnsystemet. Dei har like nok avstandar frå Saturn til at dei blir rekna som ei gruppe. Dei er Aegir, Bergelmir, Bestla, Farbauti, Fenrir, Fornjot, Greip, Hati, Hyrrokkin, Jarnsaxa, Kari, Loge, Mundilfari, Narvi, Phoebe, Skathi, Skoll, Surtur, Suttungr, Thrymr, Ymir, S/2004 S 7, S/2004 S 12, S/2004 S 13, S/2004 S 17, S/2006 S 1, S/2006 S 3, S/2007 S 2 og S/2007 S 3.

Den galliske gruppa

For meir om dette emnet, sjå Den galliske gruppa av saturnmånar.

Den galliske gruppa består av fire prograde satellittar i det ytre av saturnsystemet som har lik nok avstand frå Saturn til at vert rekna som ei grupe. Dei er Albiorix, Bebhionn, Erriapus og Tarvos.

Fordelinga av dei irregulære satellittane

Thumb
Fordelinga av banane til dei irregulære satellittane. Dei namngjevne satellittane er ført med gult, S/2004 Sxx med kvitt og S/2006 Sxx med grått.

Diagrammet illustrerar fordelinga av banane til dei irregulære satellittane til Saturn som så langt er oppdaga. Eksentrisiteten til månebanane er representerte ved segmenta (frå perisenter til aposenter). Banehellinga er representert ved y-aksen. Satellittane over x-aksen er prograde; dei under er retrograde. X-aksen er står oppført i millionar kilometer med prosentdel av radiusen til Saturns Hill-sfære (området ein lekam har gravitasjonell påverknad; for Saturn 65 mill. km).

Remove ads

Namnekonfliktar

Nokon asteroidar delar namn med ein saturnmåne: 55 Pandora, 106 Dione, 577 Rhea, 1809 Prometheus, 1810 Epimetheus og 4450 Pan.

Sjå òg namnekonfliktar for solsystemobjekt.

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads