Møll

From Wikipedia, the free encyclopedia

Møll
Remove ads

Møll er ei samlenemning på mindre, ofte skumringsaktive og uskinnbarleg farga artar av sommarfuglar. Nemninga blir mykje brukt i daglegtale, men blir rekna som upresis i taksonomisk samanheng.

Thumb
Kledemøll

Ikkje alle møllartane er små, ein av de store artane i denne gruppa er vanleg tredrepar, der ho-møllen har eit vengespenn på oppimot 90 mm, noko som plasserer den blant dei største norske sommarfuglane.

Remove ads

Møll-grupper

Grupper som vanlegvis vert rekna som møll og som har eit norsk namn, er:

  • augelokkmøll (Bucculatricidae)
  • bladholmøll (Heliozelidae)
  • bladminérmøll, bladmøll (Gracillariidae)
  • bloddropesvermarar (Zygaenidae)
  • breimøll (Choreutidae)
  • bronsemøll (Roeslerstammiidae)
  • bandmøll (Autostichidae)
  • båtmøll (Gelechiidae)
  • dorskmøll (Chimabachidae)
  • dropemøll (Scythrididae)
  • dvergmøll (Nepticulidae)
  • edelmøll (Agonoxenidae)
  • ekte møll (Tineidae)
    • kornmøll (Nemapogon granella)
    • tapetmøll (Trichophaga tapetzella)
    • kledemøll (Tineola bisselliella)
    • pelsmøll (Tinea pellionella)
    • bananmøll (Opogona sacchari)
  • eikemøll (Carcinidae)
  • engmøll (Acrolepiidae)
  • fingermøll (Alucitidae)
  • fjørmøll (Pterophoridae)
  • flatmøll (Depressariidae)
  • flekkmøll (Incurvariidae)
  • glansmøll (Cosmopterigidae)
  • glasvenger (Sesiidae)
  • grasmøll (Elachistidae)
  • halvmøll, motter (Crambidae)
  • kjevesommarfuglar, kjevemøll (Micropterigidae)
  • klokkemøll (Cryptolechiidae)
  • knoppmøll (Prodoxidae)
  • kommamøll (Glyphipterigidae)
  • krossblommøll (Plutellidae)
  • lansettmøll (Schreckensteiniidae)
  • luggmøll (Tischeriidae)
  • pyralider (Pyralidae)
  • nattlysmøll (Momphidae)
  • praktmøll (Hypertrophidae)
  • prydmøll (Oecophoridae)
  • purpurmøll (Eriocraniidae)
  • rotetarar (Hepialidae)
  • røyrmøll (Amphisbatidae)
  • rubladmøll (Ethmiidae)
  • sekkmøll (Coleophoridae)
  • sekkspinnarar (Psychidae)
  • sigdmøll (Ypsolophidae og Ochsenheimeriinae)
  • skuggemøll (Blastobasidae)
  • smalmøll (Batrachedridae)
  • sniglespinnarar (Limacodidae)
  • snømøll (Opostegidae)
  • sotmøll (Lypusidae)
  • spinnmøll (Yponomeutidae og Argyresthiinae)
  • sprikmøll (Stathmopodidae)
  • sveipemøll (Adelidae)
  • sølvmøll (Lyonetiidae)
  • tannmøll (Epermeniidae)
  • tresommarfuglar, tredreparar (Cossidae)
  • viftemøll (Douglasiidae)
  • viklarar (Tortricidae)
  • vindelmøll (Bedelliidae)
Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads