Møllehøj
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Møllehøj er det høgaste naturlege punktet i Danmark. Møllehøj er 170,86 meter høg og ligg tett ved Ejer Bavnehøj.
Høgda vart først almennt kjend i februar 2005 då nye oppmålingar viste at det er det høgaste punktet i landet. Inntil då trudde ein at enten Yding Skovhøj eller Ejer Bavnehøj var Danmark sitt høgaste punkt. Desse to høgdene si naturlege høgde er høvesvis 9 og 51 cm lågare enn Møllehøj.
I det same området er det heile fem menneskeskapte gravhaugar frå bronsealderen som er høgare enn Møllehøj. Den høgaste av desse er Yding Skovhøj - eller meir presist: den midtre gravhaugen i Yding Skov med 172,54 m.
Remove ads
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads