Mørsvikfjorden

fjord i Sørfold og Steigen i Nordland From Wikipedia, the free encyclopedia

Mørsvikfjordenmap
Remove ads

67.781°N 15.467°E / 67.781; 15.467

Thumb
Flyfoto av Mørsvikfjorden (til høgre) sett frå aust om vinteren
Foto: Erlend Bjørtvedt

Mørsvikfjorden (lulesamisk Murgosvuodna, før normert som nordsamisk Murggosvuotna) er ein fjordarm av Nordfolda i Sørfold og Steigen kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 18 km søraustover til Storeidet i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Prestberget i nord og Kobblåtran i sør. Grenda Hopen ligg på nordsida av fjorden ved Petterbuvika. Den inste delen av fjorden heiter Mørsvikbotn (lulesamisk Murgosvuodna) og her ligg grendene Storeidet og Elenjorda. E6 og Fv613 går langs Mørsvikbotn.

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads