Mulhouse

From Wikipedia, the free encyclopedia

Mulhousemap
Remove ads

Mulhouse (elsassisk Milhüsa; tysk Mülhausen, 'møllehus') er ein by aust i Frankrike nær grensa til Sveits og Tyskland. Han er den største byen i departementet Haut-Rhin, og den nest største byen i regionen Grand Est etter Strasbourg.

Kjappe fakta Land Region Departement, Flatevidd ...

To elvar renn gjennom Mulhouse, Doller og Ill, begge sideelvar til Rhinen. Byvåpenet synar eit vasshjul, då legenda vil ha det til at byen vart skipa kring ei vassmølle.

Remove ads

Historie

Thumb
Framstilling av Guerre des Six Deniers av Diebold Schilling le Jeune, då Mulhouse blei omleira.

Dei første nedskrivne kjeldene om Mulhouse går tilbake til 1100-talet. Han var ein del av det sørlege elassiske fylket Sundgau i Det tysk-romerske riket. Frå 1354 til 1515 var Mulhouse ein del av Décapole, ei sameining av frie keisarbyar. Etter eit forsøk frå Det tysk-romerske riket på å ta byen attende blei adelsfolk som blei skulda for å ha forårsaka forsøket utvist. Dei forsøkte å ta kontroll over Mulhouse under guerre des Six deniers, tysk Sechs Plappertkrieg frå 1466 til 1468. Mulhouse blei omleira, men vann krigen ved hjelp frå Bern, Solothurn og fleire andre sveitsiske byar. Etter dette fjerna Mulhouse seg stadig meir frå Décapole og vart ein del av Sveits i 1515. Byen vart derfor ikkje annektert av Frankrike ved Freden i Westfalen i 1648, som resten av Sundgau. Han vart så rekna som ein fri republikk knytt til Sveits, før han vart annektert av Frankrike 4. januar 1798, under Direktoriet-perioden.

Thumb
Sa majesté Charles X à Mulhouse en 1828 examinant Canal Monsieur. Hans majestet Karl X i Mulhouse i 1828 undersøker Canal Monsieur. Måleri frå 1828 av Theodore Jung.

Utviklinga av byen auka i takt med tekstilindustrien og garveria i byen, og etter kvart kjemisk- og verkstadsindustri frå midten av 1700-talet. Mulhouse var derfor nært knytt til Louisiana i USA og Levanten, der han fekk importert bomull frå .

Etter den fransk-prøyssiske krigen og samlinga av Tyskland høyrde Mulhouse til Det tyske keisarriket som ein del av området Alsace-Lorraine (1870-1918). Byen vart okkupert av franske troppar 8. august 1914 i byrjinga av den første verdskrigen, men dei vart tvinga til å trekkje seg tilbake to dagar seinare under Slaget ved Mulhouse. Alsace-Lorraine vart annektert av Frankrike i 1918. Han vart okkupert av Nazi-Tyskland etter Slaget om Frankrike i 1940.

Remove ads

Administrasjon

Sjølv om Mulhouse er den største byen i Haut-Rhin, er Colmar hovudstad eller préfecture. Mulhouse fekk rang som sous-préfecture i 1857.

Verdt å sjå

Thumb
Det gamle rådhuset i Mulhouse, bygd i 1553.

Det gamle rådhuset ved det sentrale torget place de la Réunion blei bygd i 1553 i rhinlandsk renessansestil. Det er kjend for sine trompe l'œil-dekorasjonar og allegoriar av syndene og dygdene. Bygningen huser no det historiske museet til byen.

  • Place de la Bourse og Société Industrielle de Mulhouse-bygningen ligg i Nouveau Quartier frå 1800-talet
  • Temple Saint-Étienne er ein kalvinistbygning bygd i 1859–1869 og utforma av Jean-Baptiste Schacre.
  • Arbeidarkvarteret frå midten av 1800-talet inspirerte liknande kvarter i mange andre industribyar.[1]

Bilmuseet Cité de l’Automobile og jernbanemuseet Cité du Train er nasjonale transportmuseum. Electropolis er eit elektrisitetsmuseum.[2] I tillegg finn ein Musée de l’Impression sur Etoffes de Mulhouse, museet knytt til stofftrykk, i byen.

Mulhouse huser også ein dyrehage og botanisk hage - Parc Zoologique et Botanique de Mulhouse.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads