Münchenavtalen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Münchenavtalen
Remove ads

Münchenavtalen var ein avtale som vart underskriven i München den 30. september 1938 av dei respektive leiarane i Storbritannia, Tyskland, Italia og Frankrike. Avtalen omhandla kvar grensene for området Sudetenland i det dåverande Tsjekkoslovakia skulle gå. Det vart bestemt at Sudetenland, eit område i Tsjekkoslovakia med hovudsakleg tyske innbyggjarar, skulle okkuperast av tyske troppar etappevis, for å innlemma Sudetenland i det tredje riket. Tsjekkoslovakia vart sjølv ikkje rådspurt i spørsmålet, og omtala avtalen som «Münchendiktatet».

Thumb
F.v.: Neville Chamberlain, Édouard Daladier, Adolf Hitler, Benito Mussolini og Galeazzo Ciano før underteikninga av avtalen.

Natt til 30. september 1938 vart avtalen underteikna av Adolf Hitler, Benito Mussolini, Neville Chamberlain og Édouard Daladier. Seks månader seinare hadde Tyskland allereie brote avtalen ved å okkupera Praha, og alle landa erklærte avtalen for ugyldig i 1942.

Remove ads

Kjelder

«München-avtalen» i Store norske leksikon, snl.no.

  • Bokmålswikipedia om avtalen, henta inn 6. april 2011.


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads