MS «Draupner» (1989)
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
MS «Draupner», seinare MS «Tyrving» i dag «Superstar», er ein snøggbåt levert frå A/S Fjellstrand i Omastrand i mai 1989 til Flaggruten ved Det Stavangerske Dampskibsselskab. Som ein del av Flaggruten gjekk båten i rute mellom Stavanger og Bergen. I 1992 var båten kjøpt av Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD), og han fekk i mars 1993 namnet «Tyrving». I 1996 vart båten utleigd til Tyskland.
I august 1999 vart båten lagt i opplag som reserveskip til Flaggruten. 27. november 1999 vart han sett inn i Flaggruten att og under den første turen over Sletta etter Sleipnerforliset 9. desember 1999 var det eitt minutts stille ved ulukkesstaden.
14. oktober 2002 vart båten selt til Evertrust Fast Ferry Co. Ltd. på Taiwan og han fekk namnet «Superstar».
I 2011 er båten framleis i fart.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads