MS «Etne»

From Wikipedia, the free encyclopedia

MS «Etne»
Remove ads

MS «Etne», i dag «Gem Star», er eit motorskip. Det vart levert i februar 1962 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap.

Meir informasjon Karriere, Noreg ...

Ho vert bygd i RosendalSkaalurens Skibsbyggeri. Båten gjekk i fart frå Bergen til Hardangerfjorden og Sunnhordland. «Etne» hadde spiss baug, men ferjelem bak og kunne frakte opp mot 18 bilar. I tillegg kunne ho ta 100 passasjerar. I helgene vart ho ofte nytta som avlastingsferje på diverse ferjeruter. Båten vart forlenga med fire meter i 1972.

I september 1983 vart «Etne» selt til Stavanger og fekk namnet «Striltun». I 1987 vart ho seld til Karibia og hadde frå 1996 til 2002 Kingstown som heimehamn. Båten var då blitt ombygd og vart nytta som fraktefartøy. Ho vart først omdøypt «Snapper», fekk i 1996 namnet «Bequa Express» og har sidan 2004 heitt «Gem Star».

Båten er framleis i fart.

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads