Ma'ale Adumim

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ma'ale Adumim
Remove ads

Ma'ale Adumim (hebraisk מעלה אדומים‎, arabisk معاليه أدوميم‎) er ei israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Busetjinga vart etablert i 1976 og fekk bystatus av israelske styresmakter i 1991. Folketalet er 39 200.(2013) Ma'ale Adumim er den tredje største israelske busetjinga på Vestbreidda og vert, saman med dei andre busetjingane, rekna som ulovleg etter folkeretten. Ma'ale Adumim ligg i Jerusalem-provinsen. Busetjinga ligg nær grensa mellom Israel og Vestbreidda, om lag 6 kilometer aust for Jerusalem, og mange av innbyggjarane er dagpendlarar til Jerusalem.

Kjappe fakta Land, Distrikt ...

Dei palestinske styresmaktene reknar Ma'ale Adumim som ei stor hindring for ein framtidig palestinsk stat fordi området truar med å dela det palestinske området i to. Den israelske statsministeren Ariel Sharon sa i 2003 at ein eventuell fredsavtale med palestinarane måtte omfatta at Ma'ale Adumim og andre busetjingar ville verta ein del av Israel.[1] Ifølgje lekka dokument frå fredsforhandlingane mellom Israel og palestinarane avviste Israel i mai 2008 eit tilbod frå palestinarane om å gi opp mesteparten av Aust-Jerusalem fordi palestinarane ikkje også ville gi opp å få tilbake Ma'ale Adumim og Ariel.[2]

Remove ads

Venskapsbyar

  • Det amerikanske flagget Williamsport i Pennsylvania[3]
Thumb
Panorama avMa'ale Adumim

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads