Shetland Mainland

From Wikipedia, the free encyclopedia

Shetland Mainlandmap
Remove ads

Mainland er hovudøya på Shetland i Skottland. På øya ligg Lerwick, einaste burgh eller by på Shetland. Lerwick er knutepunkt for ferje- og flytrafikken på øygruppa.

Kjappe fakta Mainland, Geografi ...

Øya er 969 km² og er med det den tredje største øya i Skottland, etter Lewis og Harris og Skye.

Thumb
Klippene ved Eshaness, nord på Mainland
Thumb
Kart over Shetland

Mainland kan grovt delast i fire:

  • South Mainland er den delen av øya som ligg sørom Hellister (60° 14′N). Øya er her dels dekt av lyngheier og dels er jordbruksland. I dette området er det gjord fleire viktige arkeologiske funn. Lerwick ligg i South Mainland.
  • Central Mainland er den delen av øya som ligg mellom Hellister, Aith og Voe. Her er det jordbruksland og noko skog.
  • West Mainland er den delen av øya som ligg vestom Aith (1° 23′ W).
  • North Mainland er den delen av øya som ligg nordom Voe. Med til North Mainland høyrer den store halvøya Northmavine, som er knytt til resten av Mainland med det smale eidet Mavis Grind. Denne delen av øya har eit vilt landskap med klipper langs kysten og lyngheier i innlandet. På North Mainland ligg Sullom Voe som med oljeterminalen er er ein viktig arbeidsplass for folk på øya.
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads