Maksim Maksimov
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Maksim Gennadjevitsj Maksimov (fødd 6. september 1979) er ein russisk tidlegare skiskyttar frå Izjevsk i Udmurtia.
Maksimov høyrde til mellom dei fremste russiske skiskyttarane i åra 2008-11. Berre nokre få gongar hevda han seg i toppen internasjonalt, men då til gjengjeld i viktige tevlingar. Under VM i skiskyting 2008 i Östersund overraska han stort då han med prikkfri skyting tok bronsemedaljen på 20 km, bakom verdsmeister Emil Hegle Svendsen og Ole Einar Bjørndalen. Også i fellestarten tre dagar seinare trefte han dei 20 blinkane, men måtte nøye seg med fjerdeplassen.
Tre år seinare vann Maksimov sølvmedaljen på 20 km under VM i skiskyting 2011 i Khanty-Mansijsk. 20 treff heldt til å slå alle, unnateke norske Tarjei Bø. Seinare i meisterskapen gjekk han tredje etappe for Russlands sølvlag i 4 x 7,5 km stafett, dei andre på laget var Anton Sjipulin, Jevgenij Ustjugov og Ivan Tsjerezov.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Maxim Gennadjewitsch Maximow» frå Wikipedia på tysk, den 7. februar 2016.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads