Maksim Vorobjov
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Maksim Nikiforovitsj Vorobjov (17. august 1787–11. september 1855) var ein russisk romantisk landskapsmålar. Verka hans hadde stor innverknad på russisk målarkunst.
Remove ads
Liv og gjerning
Vorobjov vart fødd i Pskov, der faren var soldat. Etter militærtenesta var faren vakt på kunstakademiet i St. Petersburg. Sonen Maksim fekk tilgjenge til akademiet i 1798, der han frå fyrst av studerte arkitektur. Men då han avla eksamen i 1809, var det som landskapsmålar.
I 1814 fekk Vorobjov stilling ved akademiet. Frå 1823 arbeidde han i eigenskap av professor. Mellom hans mange elevar fann ein Ivan Ajvazovskij, Aleksej Bogoljubov og brørne Tsjernetsov.
Remove ads
Verk
Vorobjov måla både byen og havet, arkitektoniske monument, landskap og krigsscener. Han reiste ein god grann, særleg i 1813 med russiske troppar. Denne tida laga han nokre av sine mest minneverdige verk av både landskap, hav og utanlandske bymotiv. Fleire bilete var frå heimlandet, som Utsyn mot Moskva og Utsyn frå Jauza i Kreml i Moskva.
Måleria Vorobjov laga under ein tur til Midt-Austen gjorde han best kjend. Her er det snakk om måleri som Utsyn over Jerusalem og Orientalsk landskap. På slutten av 1820-talet vitja Vorobjov slagplassen ved Donau, der han måla nokre av sine fremste arbeid frå seinare år.
Maksim Vorobjovs arbeid påverka mang ein russisk målar.
Remove ads
Utvalde verk
- Utsyn over Jersualem, 1821
- Soloppgang, 1830
- Eik kløyvd av lynnedslag, 1842. Allegori til konas død.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads