Maksim Vylegzjanin
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Maksim Mikhailovitsj Vylegzjanin (fødd 18. oktober 1982) er ein russisk langrennsløpar frå Sjarkan i Udmurtia. Han har vunne tre sølvmedaljar og ein bronsemedalje i tre påfølgjande verdsmeisterskap på ski.
Remove ads
Vylegzjanin oppnådde sitt første gode resultat i verdscupen i mars 2005, då han vart nummer seks på femmila i Holmenkollen. Først fire år seinare yppa han seg mot verdseliten. Under ski-VM 2009 i Liberec tok han sølv på 50 km fellesstart, berre slått av nordmannen Petter Northug.
I byrjinga av OL-sesongen 2010 tok han i verdscupen i november og desember 2009 ein andreplass på 15 km klassisk stil i Kuusamo og vart nummer tre på 30 km fellesstart i Rogla. Men under vinter-OL 2010 i Vancouver kom Vylegzjanin som best på åttandeplass på 50 km, endå om han deltok i fire øvingar.
Vylegzjanin gjekk inn til sin første verdscupsiger då han vann 30 km fellesstart i La Clusaz 18. desember 2010. Han tok så sølvmedaljen både på 30 km og på 50 km fristil under ski-VM i Holmenkollen i 2011, i begge tevlingane slått i spurten av Petter Northug.
Under ski-VM 2013 kom Vylegzjanin på femteplass på 30 km og fekk bronse med Russland sitt stafettlag på 4x10 km.
Remove ads
Kjelder
- Sportsboken, aktuelle årgangar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads