Malone i Italia

From Wikipedia, the free encyclopedia

Malone i Italia
Remove ads

Malone er ei 40 km lang elv i Piemonte i Italia og ei av sideelvane til Po frå venstre som renn gjennom Canavese.

Kjappe fakta Land, Lengd ...

Elva har utspring i Monte Soglio og frå her renn ho gjennom kommunane Corio, Rocca Canavese, Barbania og Front i Torino medan ho gradvis veks frå sideelvar frå naturreservatet Riserva Naturale della Vauda frå høgre. Malone renn så gjennom Rivarossa, Lombardore, San Benigno Canavese og så til Brandizzo (nær Chivasso) der ho munnar ut i Po.

Malone kan stundom få svært høg vassføring og den gjennomsnittlege vassføringa på 8,8 m³/s kan stundom auke hundre gongar så mykje, som under ein alvorleg flaum i oktober 2000.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads