Manaelva

From Wikipedia, the free encyclopedia

Manaelva
Remove ads

Mana (russisk Ма́на) er ei elv i Krasnojarsk kraj i Russland og ei av sideelvane til Jenisej frå høgre. Munningen ligg 16 km før Jenisej renn inn i byen Krasnojarsk. Elva er 475 km lang og har eit nedslagsfelt9 300 km².

Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...

Elva spring ut frå dei austlege Sajanfjella og munnar ut i Jenisej ved landsbyen Ust-Mana. Den øvre delen av elva heiter Pravaja Mana og er ei typisk fjellelv med mange stryk. Den nedre delen er roleg og snor seg mellom åsane. Elva frys til i første halvdel av november og vert isfri att i slutten av april.

Mana er ei populær elv for rafting, hovudsakleg på dei rolege, lettare delane frå landsbyen Beret eller dei meir krevjande delane frå landsbyen Bolsjoj Ungut. Staden Manskij Plyos nær Ust-Mana er ein populær stad for å halde forskjellige festivalar, som den tradisjonelle festivalen for bardsongar.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads