Managua
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Managua er hovudstaden i Nicaragua og ligg ved sørbreidda av Managuasjøen. Byen hadde i 2005 eit innbyggjartal på 937 000 og er eit handelssentrum for ein region med mykje jordbruk. Her finst òg bomulls- tobakks-, sement- og kjemisk industri. I tillegg har byen fleire universitet, der det eldste er frå 1812, og ei internasjonal lufthamn.
Managua var opphavleg ein indiansk by, og vart hovudstad i 1857. Byen har vorte øydelagd fleire gonger av bybrannar og jordskjelv; sist i 1972 då eit jordskjelv øydelagde heile bykjernen og tok livet av fleire tusen menneske. I borgarkrigen frå 1978-79 var det harde kampar i byen.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads