Manresa
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Manresa er ein by i Bages, midt i Catalonia i Spania ved elva Cardener. Han er ein industriby med tekstil-, metall- og glasindustri. St. Ignatius av Loyola stoppa for å be i byen på veg tilbake frå Montserrat i 1522, og byen har derfor vorte ein pilegrimstad for katolikkar.
Foto: Josep Renalias
|
Vinproduksjon er òg ei viktig næring i byen, men han vart mindre viktig etter at området vart råka av vinlus.
Under den spanske sjølvstendekrigen slo ein frivillig tropp frå Manresa (sometent på katalansk) ein fransk tropp i juni 1808, men då franskmennene trekte seg tilbake sette dei byen i brann og mykje av han vart øydelagd.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads