Manualtåka
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
Manualtåka (katalogisert M27 og NGC 6853) er ei planetarisk tåka som ligg rundt 1200 lysår unna jorda i stjernebiletet Reven. Manualtåka er den første planetariske tåka oppdaga nokosinne, og vart oppdaga av den franske astronomen Charles Messier i 1764.[1]

I lag med andre planetariske tåker inneheld Manualtåka sokalla knoppar. Knoppane i Manualtåka har storleikar på 17-56 milliardar kilometer, noko som er fleire gonger avstanden mellom sola og Pluto. Dei har mange ulike former, alt ifrå å likna på fingrar som peikar på den kvite dvergen i midten til skyer med eller utan hale. Knottane vert danna der varm og ionisert og kald og nøytral materie møtest.[1]
Den kvite dvergen som ligg i midten av tåka har den største kjende radiusen for ein kvit dverg.[2]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads