Oldtidsbyen Mari
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mari var ein viktig oldtidsby i Mesopotamia. Han låg på vestbreidden av Eufrat søraust i noverande Syria, ikkje langt frå Irak. Staden der byen låg er i dag kjend som Tel el Hariri eller Tell Hariri.[1]
Historia til byen kan førast tilbake til 2000-talet f.Kr. Han blømde på 1000-talet f.Kr. under amorittisk styre. Rundt 1759 f.Kr. blei byen erobra og øyddelagd undeer babylonarkongen Hammurabi.[1]
Byen blei gjenoppdaga av arkeologar i 1933. Utgravingar har avdekka over 25 000 leirtavler med akkadisk kileskrift.[2] Dei var del av eit kongeleg arkiv, og gjev informasjon om samfunn, folk og skikkar i samtida.[3]

På grunn av den syriske borgarkrigen blei utgravingane stoppa og væpna grupper tok over staden. Ein offisiell rapport fortalde at tjuvar særleg robba «det kongelege slottet, det offentlege badet, Ishtar-tempelet og Dagan-tempelet».[4]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads