Marija Gusakova
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Marija Ivanovna Gusakova (6. februar 1931–8. mai 2022) var ein sovjet-russisk langrennsløpar frå Rjazan oblast i Russland. Ho vart olympisk meister på 10 km under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley og verdsmeister på 3 x 5 km stafett i 1962 i Zakopane.
Remove ads
Aktiv
Gusakova fekk sin internasjonale meisterskapsdebut i Ski-VM 1958 i Lahti der ho vart nummer seks på 10 km. To år seinare vann ho den einaste individuelle langrennsøvinga for kvinner under dei olympiske leikane i Squaw Valley. På stafetten over 3x5 km var dei sovjetiske kvinnene store favorittar, ettersom dei hadde teke alle medaljane og fjerdeplassen på 10-kilometeren. Svært overraskande gjekk stafettgullet til Sverige, medan Gusakova og lagvenninnene fekk sølv.
Under Ski-VM 1962 i Zakopane starta Gusakova med å ta sølvmedaljen på 10 km, deretter fekk ho bronsemedaljen på 5 km, før ho avslutta med å vinne gull på 3x5 km stafett saman med Ljubov Baranova og Alevtina Koltsjina. Under Vinter-OL 1964 i Innsbruck tok ho bronsemedaljen på 10 km etter landslagskollegaene Klavdija Bojarskikh og Jevdokija Meksjilo.
Remove ads
Kjelder
- Sportsboken, aktuelle årgangar.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads