Mariner 4
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mariner 4 var den fjerde romsondeen i det amerikanske Mariner-programmet. Han vart skoten opp 28. november 1964 på veg til planeten Mars, der Mariner 3 aldri rakk fram. Mariner 4 sende 28 utydelege bilete av marsoverflata. Det kunne ta ein heil dag å overføre eit einaste bilete tilbake til jorda. 5,2 millionar bits vart sende tilbake til jorda frå romsonden. Kommunikasjonen opphøyrde den [1. desember 1967.

Remove ads
Konklusjon
Bilete av krater og målingar av den tynne atmosfæren, tyda på ein inaktiv planet der lite tyda på intelligent liv. Det var mange mytar om at Mars-buarar fanst, men Mariner 4 konkluderte med at eventuelt liv ville bestå av enklare, mindre livsformar. Atmosfærisk trykk vart målt til mellom 4,1 til 7,0 millibar (410 til 700 pascal). Temperaturen vart estimert til rundt -100 grader Celsius og noko magnetfelt rundt planeten vart ikkje registrert.
- Det første nærbiletet av Mars nokosinne, tatt 5. juli 1965.
- Foto som viser krater frå meteorittar.
- Mosaikk av bilete 1 og 2. Atmosfæren er synleg.
- Mosaikk av bilete 11 og 12.
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- Nssdc Mariner 4 page Arkivert 2007-10-30 ved Wayback Machine.
- Mariner 4 Mission Profile Arkivert 2011-10-14 ved Wayback Machine. by NASA's Solar System Exploration
- To Mars- The Odyssey of Mariner IV - Jan 1965 (PDF)
- Processed images and mosaics from the Mariner 4 mission to Mars Arkivert 2006-03-16 ved Wayback Machine.
- Mariner 4-sida til Ted Stryk Arkivert 2007-10-05 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads