Mario Gómez
tysk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mario Gómez García (fødd 10. juli 1985 Riedlingen i Baden-Württemberg) er ein tysk fotballspelar, som har spela som spiss for VfB Stuttgart og det tyske landslaget. Han har spansk far og tysk mor, og kunne ha spelt for begge landslaga, men valde Tyskland som 17-åring. Då Gómez gjekk til Bayern München frå Stuttgart i 2009, vart han den dyraste spelaren i Bundesliga, med ein overgangssum på 30-35 millionar euro. Då Stuttgart vart seriemeistrar i 2006/07-sesongen, skåra Gomez 14 mål og vart kåra til årets spelar i Tyskland. Han var Stuttgart sin toppskårar i Bundesliga i tre sesongar på rad, i 2006/07 med 14 mål, 2007/08 med 19 mål og i 2008/09-sesongen med 24 seriemål.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads