Markgrashopper

From Wikipedia, the free encyclopedia

Markgrashopper
Remove ads

Markgrashopper (Acrididae) er ei gruppe av rettvengene (Orthoptera) og tilhøyrer ei familiegruppe blant grashoppene.

Kjappe fakta
Remove ads

Utsjånad

Thumb
Nokre artar har kjegleforma hovud, her Acrida cinerea.

Markgrashopper er små til svært store grashopper (5-120 mm) med korte antenner. Mange er grøne, men dei kan òg vera brunspragla eller meir fargerike. Hjå nokre artar er hovudet kjegleforma uttrekt, og antennene kan vera sigdforma. Medlemmene i denne familien har vanlegvis velutvikla venger. Bakbeina er kraftige hoppebein, leggane piggete. Hjå hoa har bakkroppspissen eit kraftig, butt eggleggingsrøyr.

Remove ads

Levevis

Markgrashoppene er planteeterar, som kanskje særleg lever av gras. Hannane syng ved å gni baklåra med sida av framvengene. Dei fleste artane har velutvikla venger, men desse grashoppene er ofte ikkje i stand til å fly lange avstandar. I staden bruker dei vengene til å segla avgarde, og kan dermed forlenga eit hopp med nokon meter. Mange har sterkt farga, raude, gule eller blå bakvenger som står i kraftig kontrast til den kamuflasjefarga kroppen. Dette gjer at grashoppa «forsvinn» når ho set seg og foldar vengene saman, noko som forvirrar angriparar. Nokre artar lagar raslande eller klaprande lydar når dei flyg.

Remove ads

Vandrande artar

Dei fleste av dei vandrande grashoppene blir rekna til familien tornbrystgrashopper (Catantopidae), men det finst nokre artar av Acrididae som også kan gjennomføra massevandringar. Den mest kjende av desse er europeisk vandregrashoppe (Locusta migratoria) som trass det norske namnet er utbreidd langt vidare enn Europa, frå Nord-Afrika gjennom store delar av Asia og heilt til det nordlege Australia. Arten dannar ikkje faste bestandar i Nord-Europa, men finst permanent i nokre område i sør. Han kunne tidlegare dukka opp over heile Europa, og det er registrert øydeleggande massevandringar så langt tilbake som 1347. Frå Noreg kjenner ein berre til enkeltfunn av streif-individ, sist i 1882.

Utbreiing

Grashoppene er utbreidde i alle verdsdelar.

Systematisk inndeling

Treliste
  • Flygende insekt (Pterygota)
    • Neoptera («nyvenger»)
      • Orthopteroida
        • Orden rettvenger (Orthoptera)
          • Underorden grashopper (Caelifera)
            • Overfamilie Acridoidea
              • Familie markgrashopper, (Acrididae)
                • Underfamilie Acridinae
                • Underfamilie Calliptaminae
                • Underfamilie Copiocerinae
                • Underfamilie Coptacridinae
                • Underfamilie Egnatiinae
                • Underfamilie Eremogryllinae
                • Underfamilie Euryphyminae
                • Underfamilie Eyprepocnemidinae
                • Underfamilie Gomphocerinae
                  • Slekta Omocestus
                    • Grøn markgrashoppe Omocestus viridulus (Linnaeus, 1758)
                    • Raudgumpgrashoppe Omocestus ventralis (Zetterstedt, 1821)
                  • Slekta Chorthippus
                    • Gråbrun markgrashoppe Chorthippus brunneus (Thunberg, 1815)
                    • Slåttegrashoppe Chorthippus biguttulus (Linnaeus, 1758)
                    • Strandenggrashoppe Chorthippus albomarginatus (De Geer, 1773)
                    • Enggrashoppe Chorthippus parallelus (Zetterstedt, 1821)
                    • Myrgrashoppe Chorthippus montanus (Charpentier, 1825)
                    • Chorthippus dorsatus (Zetterstedt, 1821) – ikkje i Noreg, men kan kanskje dukka opp her.
                  • Slekta Myrmeleotettix
                    • Liten køllegrashoppe Myrmeleotettix maculatus (Thunberg,1815)
                  • Slekta Gomphocerus
                    • Stor køllegrashoppe Gomphocerus rufus (Linnaeus, 1758)
                  • Slekta Aeropedellus
                    • Aeropedellus variegatus (Fischer-Waldheim, 1845) – ikkje i Noreg, men kan kanskje dukka opp her.
                • Underfamilie Habrocnemidinae
                • Underfamilie Hemiacridinae
                • Underfamilie Leptysminae
                • Underfamilie Mareliinae
                • Underfamilie Oedipodinae
                  • Slekta Mecostethus
                    • Sumpgresshoppe Mecostethus grossus (Linnaeus, 1758)
                  • Slekta Psophus
                    • Klapregrashoppe Psophus stridulus (Linnaeus, 1758)
                  • Slekta Locusta
                    • Europeisk vandregrashoppe Locusta migratoria (Linnaeus, 1758)
                  • Slekta Sphingonotus
                    • Blåvenga grashoppe Sphingonotus caerulans (Linnaeus, 1767)
                • Underfamilie Ommatolampinae
                • Underfamilie Oxyinae
                • Underfamilie Proctolabinae
                • Underfamilie Rhytidochrominae
                • Underfamilie Spathosterninae
                • Underfamilie Teratodinae
                • Underfamilie Tropidopolinae
Remove ads

Kjelder

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Markgrashopper


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads